Dette er dei nye folkevalde sine verv utanom politikken


Dette er dei nye folkevalde sine verv utanom politikken

Ordførar Gerd Helen Bø seier det sjeldan oppstår problem eller feil i høve til habilitet, sjølv om også folkevalde i Suldal kan ha mange ulike bindingar. – Har god oversikt – Forholda i Suldal er så tette og oversiktlege at me har god oversikt over kva den enkelte er engasjert i. Slik kan me også i somme tilfelle minna ein annan om ugildskap, om den enkelte ikkje skulle hugsa det sjølv, seier ho. Blir oppfordra til å registrera verv Alle dei nye folkevalde vil bli oppmoda til å registrera ver- va sine i eit sentralt KS-register. Her er oversikta over verva til dei 19 medlemmane i kommunestyret 2019 til 2023. SENTERPARTIET: Gerd Helen Bø Alder: 65 år. Bur: Valskår, som høyrer til Suldalsosen. Yrke: Ordførar, tidlegare bonde. Verv:Bø har to styreverv i interesseorganisasjonar som kommunen er med i. Det eine er i IS Fjordvegen Rute 13 som arbeider for utbetring av riksveg 13. Det andre er i landsstyret i LVK (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar). Øyvind Lovra Tveitane Alder: 33 år. Bur: Erfjord. Yrke: Til vanleg administrerande maskinsjef på Jøsenfjord-ferjene, men er for tida engasjert som byggeinspektør for eit nybygg ved Westcon-Ølensvåg for Norled AS. Verv: Styremedlem i Tveitane Sveis og Maskin AS. Lokallagsleiar i Suldal Senterparti, første nestleiar i Rogaland Senterparti. Eig enkeltmannsføretaket Øyvind Lovra Tveitane. Tveitane er vald til varaordførar. Han er med i formann- skap og administrasjonsutval, i tillegg til Ulla Førre Næringsfond. Magne Langeland Alder: 71 år. Bur: Nesflaten. Yrke: Pensjonist. Verv: Kommunestyremedlem, leiar i LMT-utvalet og styremedlem i Nesflaten Drivstoff. Albrigt Stokka Alder: 36 år. Bur: Ropeidhalvøya Yrke: Bonde Verv: Kommunestyre og LMT-utvalet. Åshild Vetrhus Alder: 41 år. Grend: Nesflaten. Yrke: Vetrhus er sjølvstendig næringsdrivande musikar. Ho er prosjektleiar for Liv på Nes-prosjektet ”Views”, og arbeider 60 prosent ved Ryfylkemuseet som leiar for Folkemusikkarkivet for Rogaland. Verv: Vara til styret i Ryfylkemuseet (tilsettrepresentant), medlem i styret for Suldal kommunale næringsfond. Lars Bjørkland Alder: 45 år. Bur: Refsbygd, Ropeidhalvøya Yrke: Bonde, sjølvstendig næringsdrivande Verv: Medlem i Sparebankstiftelsen Åsmund Bakka Alder: 43 år. Bur: Kvilldal Yrke: Sjølvstendig næringsdrivande. Verv: Ingen for tida. Per Gudmund Øxtra Alder: 55 år. Grend: Jelsa. Yrke: Bonde og driftsteknikar i Grieg Seafood, Rogaland, brannmann i Haugaland Brann og Redning. Verv: Sit i kommunestyret og kontrollutvalet, og er nestleiar i lokallaget til Senterpartiet. Meddommar i Haugaland tingrett. Sit i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, hovudverneombod i Grieg Seafood, Rogaland. ARBEIDERPARTIET: Kari Vaage Gjuvsland Alder: 58 år. Bur: Suldalsosen. Yrke: Arbeider ved servicetorget i Suldal kommune. Verv: Fast styremedlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Første vara for Bjørn Laugaland i Rogaland, i styret for Utmarkskommunenes Sammenslutning. Mads Drange Alder: 38 år. Bur: Sand. Yrke: Frilansskribent og forfattar. Verv: Suldal Arbeidarparti og Operasjon skiglede (frivillig organisasjon som driv skiskule i Afghanistan) Iren Klungtveit Slagstad Alder: 38 år. Bur: Slagstad i Kvilldal. Yrke: Rekneskapskonsulent i Suldal Økonomi. Verv: Nestleiar i LMT-utvalet. KRISTELIG FOLKEPARTI: Magne Steine Alder: 48 år. Bur: Sand. Yrke: Veterinær Verv: Styremedlem i Sand KFUK-KFUM-speidarar. Torbjørn Indrebø Alder: 50 år. Bur: Suldalsosen. Yrke: Fengselsførstebetjent. Verv: Styremedlem i Suldal Bustadstifting. Marita Husevåg Hellesen Alder: 43 år. Bur: Sand. Yrke: Sjukepleiar ved demensavdelinga på Suldal Sjukeheim Verv: Hellesen sit i kommunestyret og LMT-utvalet og er styre-leiar i Suldal KrF. Ho er også med i Sand sokneråd. HØGRE: Sverre Underbakke Alder: 60 år. Bur: Sand. Yrke: Underbakke jobbar med mykje forskjellig, til dømes eigedomsutvikling og taxisjåfør. Verv: Dagleg leiar Underbakke Holding AS, dagleg leiar Underbakke Kjevik AS, dagleg leiar Underbakke Sjøhus AS, dagleg leiar Underbakke Luftfart AS, dagleg leiar Gullingen Hyttetun AS, styreleiar Underbakke Holding AS, styreleiar Underbakke Kjevik AS, styreleiar Underbakke Sjøhus AS, styreleiar Underbakke Luftfart AS, styreleiar Sjøhuset Drift AS. Underbakke er også kasserar og gruppeleiar i Suldal Høgre. Harald Bjarne Hellesen Alder: 48 år. Bur: Sand. Yrke: Kommuneoverlege og fastlege i Suldal kommune. Verv: Hellesen har deltidsjobb som førelesar ved Høgskulen på Vestlandet. Han har også nokre timar med rådgjeving innan idrettsmedisin for ToppVolley Norge. VENSTRE: Nils Bjarne Vold Alder: 66 år. Grend: Suldalsosen. Yrke: Eig og driv Vikane Hyttetun. Verv: Vold er styreleiar og eineeigar for Vikane Hyttetun AS. Elles er han Suldal kommune sin representant i styret for Rysteg AS. Anette Opheim Alder: 34 år. Bur: Sand. Yrke: Formidlar på Ryfylkemuseet Verv: Opheim sit i Levekårsutvalet og er første vara til formannskapet, leiar for Suldal SV, styremedlem i Rogaland SV, styremedlem i Ryfylkemuseet (tilsetterepresentant), Styremedlem i Folkeakademiet Suldal MDG: Bernd Elmies har ikkje vore mogleg å få kontakt med.