Deilas New York City til semifinale


Deilas New York City til semifinale

New York City, med Ronny Deila om trenar, er klare for semifinale i MLS-sluttspelet etter kvartfinalesiger over topprangerte New England Revolution på bortebane. Så langt har New York-klubben aldri nådd før. Kampen enda 2-2 etter ekstraomgangar. Det stod 1-1 etter 90 minutt. New York tok leiinga tidleg i andre ekstraomgang, men heimelaget utlikna i nest siste minutt. Deilas menn var stødigast i straffesparkkonkurransen, som dei vann 5-3. I semifinalen - som også er kampen om meisterskapet i Eastern Conference - skal New York møte Phladelphia Union, der Jakob Glesnes spelar. Den kampen går komande søndag. I den andre semifinalen skal Portland Timbers møte Real Salt Lake.