City opna med siger


City opna med siger

Manchester City sesongopna med 3-1 over Wolverhampton i Premier League i kveld. City dominerte stort før pause og scora ved Kevin de Bruyne og Phil Foden. Etter pause var Wolverhampton stort sett det beste laget, og Raul Jimenez reduserte, men Gabriel Jesus spikra resultatet fem minutt på overtid.