Brassband-gjengen ut på tidsreise; avgang i kveld


Brassband-gjengen ut på tidsreise; avgang i kveld

(NB: Dette kan være en forkortet versjon av teksten uten tilleggsinnhold som faktabokser, bilder, videoer og mer. Vennligst besøk nettsiden for å lese komplett innhold.)Når Bjerkreim Brassband i år igjen, for 11. gongen på like mange år, set opp eit breitt anlagt musikalsk show, er Anne Margrethe Vikeså nok ein gong hyrt inn til å trekkja i nokon av dei viktigaste trådane. Ho er manusforfattar og produsent, har ansvar for scenografien og er i tillegg ein av solistane i «Tilbake til framtiden».Drøymer idear - Mot slutten av natta, rett før eg vaknar, pleier eg å ha nokså klare idédraumar. Denne gongen hadde eg to forskjellige draumar om kva årets show skulle handla om. Eg er gammal Star Wars-fan, så den eine draumen hadde handling frå verdsrommet. Den andre handla om ei tidsreise. Det blei den siste eg gjekk vidare med, fortel idéhavaren.Spionar og agentar høyrer med i dei historiene som Anne Margrethe Vikeså lar seg fascinera av - så òg i «Tilbake til framtiden». Blant ingrediensane er i tillegg ein stor dose surrealisme, sjølvsagt litt kjærleik og, ikkje minst, mykje humor.- Det er ganske lenge sidan idédraumen, men eg kunne ikkje skriva ut manuset før eg visste kva for skodespelarar eg hadde til disposisjon. Rollene er på eit vis spesialskrivne til dei som skal spela dei ulike personane. Derfor speler dei også veldig godt, desse amatørskodespelarane våre. Dette blir veldig bra, seier Vikeså mens ho instruerer to unge jenter på scenen, Maria Kydland og Elisabeth Moi.Unge aktørar - Eg hadde lyst å bruka ein del ungdommar dette året. Derfor engasjerte eg den eldste av teatergruppene i Bjerkreim kulturskule, forklarer Anne Margrethe Vikeså.Ein nykommar i ensemblet i år er Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem. Ho har hatt regissøransvaret og er i tillegg skodespelar i stykket.- Lina og eg har arbeidd tett saman om dette, seier Anne Margrethe Vikeså. Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem (t.v.), Monika Asheim, Arne Bjerkreim og Anne Margrethe Vikeså er krumtappar i Bjerkreim brassband sitt prosjekt dette året. Foto: Keth Odland Dirigenten og masekoppen Dei andre to krumtappane er brassbanddirigent Arne Bjerkreim og Monika Asheim.- Arne ordnar alt; utan han hadde me ikkje fått dette til. Eg er masekoppen som går rundt og spør om ting er på plass, seier Monika Asheim.Ho er styreleiar for Bjerkreim brassband. Også i år lover ho mykje musikk, dans, lått og løye i løpet av dei tre heilaftnane med show i regi av i dei 24 bandmedlemmene og over 30 gode hjelparar i alle aldrar.- Det heile startar på 70-talet. Kleskoden er deretter. Men det vil ikkje seia at alle songane er frå 70-talet. Repertoaret består nok av meir nytt og ungdommeleg enn gammalt. Songtekstane samsvarer med handlinga i historia. Tidsmaskinen tar oss for eksempel tilbake til London under den store pesten, og til Paris under bygginga av Eiffeltårnet. Eit kjærastepar er sjølvsagt med, røpar Monika Asheim. Rollefiguren til Oddvar Sæth er både gammal og rik. Foto: Keth Odland Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem og Sander Slettebø Grøsfjell har sentrale roller som kjærastepar i «Tilbake til framtiden». Foto: Keth Odland Jobb for alle I tillegg til dei 24 i brassbandet medverkar åtte solistar, pianist, bassist og gitarist, ni dansarar frå kulturskulen, fem teaterelevar, samt lyd- og lysfolk og ei rekke andre med små og store oppgåver.- Det som er så flott, er at det i eit prosjekt som dette finst oppgåver som passar til alle. Alle brikker er viktige. Dei fleste i ensemblet er folk som har vore med i mange år, men det er gildt å få inn nokon nye kvar gong, synest Monika Asheim.«Nytt» lokale Konsertsalen i år er den såkalla Duplohallen, det tidlegare fabrikklokalet til Duplo Element, som kommunen kommunen kjøpte i fjor.- Det var veldig gildt å få bruka dette sentrale, gode bygget, midt i Vikeså sentrum. Det er eit stort betongbygg, men me har testa lyden grundig og funne ut at det fungerer godt, forsikrar Monika Asheim.Showkveldane er fredag, laurdag og sundag. Framsyninga er delt i to akter med pause imellom. Matsal i pausen høyrer sjølvsagt med. Maria Kydland (t.v.), Elisabeth Moi og Tuva Omdal er blant dei unge skodespelarane i årets show. Foto: Keth Odland