Blåfjell-prosjektet utvidar frå ei til to pumper


Blåfjell-prosjektet utvidar frå ei til to pumper

Statkraft søkte om konsesjon for rundt ti år sidan, men etter at staten gav grønt lys har det gått trått med å landa på ei løysing som både er lønnsam og miljømessig rett. Det fortel kraftverksjef Bjørn Sandvik i Statkraft til avisa. Han forklarer at det nå er søkt om endringar i den først gitte konsesjonen. Denne planendringa gjer at ein nå går vekk frå den først planlagde løysinga med ei pumpe, Blåfjell pumpe, til heller å gå for to mindre pumper. Ei pumpe som pumpar vatn frå Stora Blåfjellvatnet til Litla Gilavatnet og ei pumpe som pumpar vatnet vidare frå Litla Gilavatnet til Blåsjø. Sandvik seier dette er ei betre løysing, meir kompakt og lønnsam. Planendringa er nå ute på høyring med frist i starten av januar.