Bislett Games 16. juni neste år


Bislett Games 16. juni neste år

Neste sesongs Diamond League i friidrett skal omfatte 14 stemne frå mai til september. Datoen for Bislett Games er torsdag 16. juni. Kalendaren blei offentleggjort i dag, og fortel at DL-sesongen opnar i Doha 13. mai. Finalen går over to dagar i Zürich 7. og 8. september. Dette er Diamond League 2022: *13. mai Doha *21. mai Birmingham eller London *28. mai Eugene *5. juni Rabat *9. juni Roma *16. juni Oslo (Bislett Games) *18. juni Paris *30. juni Stockholm *30. juli Shanghai *6. ausgust Kina (by enno ikkje bestemt) *10. august Monaco '26. august Lausanne *2. september Brussel *7.-8. septmber Zürich VM skal gå i Eugene i USA frå 15. til 24.juli.