Arbeidsløysa går nedover i nordfylket


Arbeidsløysa går nedover i nordfylket

September-tala frå NAV, viser at arbeidsløysa i Nord-Rogaland held fram å synka. Suldal har den lågaste arbeidsløysa av alle kommunane i Rogaland. 0,8 prosent er heilt ledige arbeidssøkjarar. Nedgangen forset Fylkessnittet er på 2,2 prosent heilt ledige arbeidssøkjarar. Alle kommunane i nordfylket ligg godt under dette snittet. Høgast arbeidsløyse er det i Haugesund på 2,0 prosent. Vidare finn ein Karmøy med 1,7 prosent, Vindafjord og Sauda med 1,5 prosent, Bokn med 1,1 prosent. Samanlikna med same månad i fjor, er arbeidsløysa redusert med 369 personar. Frå sist månad viser NAV-tala ein liten auke i tal arbeidssøkjande på arbeidsmarkedstiltak. Nå er 182 personar i denne kategorien. Dett er 107 personar førre enn september i fjor. Bruttoarbeidsløysa – dei heilt ledige pluss dei på tiltak: Heile Rogaland: 2,6 % Haugesund: 2,5 % Karmøy: 2,0 % Tysvær: 1,8 % Vindafjord: 1,8 % Sauda: 1,7 % Suldal, Utsira og Bokn: (Bruttotall ikkje oppgitt grunna låge tal) Samla i Nord-Rogaland er det nå brutto 476 færre personer ledige samanlikna med september i 2018.