Ap, H og MDG mest fram, FrP på ein smell, og Sp tapar terreng.


Ap, H og MDG mest fram, FrP på ein smell, og Sp tapar terreng.

249 gyldige stemmer vart talde opp, det vil seia at deltakarprosenten på skulen, med 397 røysteføre, var på berre 68 prosent. Det viser skulevalresultatet på NSDs nettsider. Ap vinnar Valet viser at Arbeidarpartiet får 31.3 prosent av stemmene, det vil seia ein framgang på 8.2 prosentpoeng i forhold til skulevalet i 2017. Høgre gjer det også godt, med 14.1 prosent og opp 7.5 pp frå 2017. Miljøpartiet Dei Grøne fekk 29 stemmer og enda med 11.6 prosent og fram 6.0 pp frå sist skuleval. Taparane Senterpartiet er tredje størst, med 15.3 prosent, nokså likt 2015-resultatet på 15.1 prosent. Frå 2017 er dette ein nedgang på 4.2 pp. Framstegspartiet har størst tilbakegang, frå heile 14.2 i 2017 (12.2 i 2015) til 4.8 prosent av stemmene nå. Venstre har også tapt stemmer, frå 8.9 i både 2017 og 2015, til 6.4 prosent nå. Lita endring Sosialistisk venstreparti, med 12.9 prosent av stemmene, går fram 0.7 pp frå 2017. Kristeleg Folkeparti har også lite endring, 2.4 prosent i dag samanlikna med 2.3 prosent i 2017. Av andre parti fekk Liberalistene ei stemme, likeins Demokratene i Norge.
Les mer om: