Andre store investeringsprosjekt


Andre store investeringsprosjekt

87 millionar er sette av til opparbeiding av bustadfelt Suldalsosen/Klypetjørn, 30 millionar med forventa byggjestart vinteren 2020 Erfjord/Skjerahaug, 10 millionar, forventa byggjestart våren 2020 Jelsa/Sandaneset, 26-28 millionar kroner, forventa arbeid i 2022/2023 Sand, Randåsen-Klypa, mogleg utbygging er tidsfesta til 2023 Næringsområde Kommunen er skrapt for næringsareal og rådmannen føreslår å bruka 50 millionar kroner. Forslag for reguleringsplan for området Tysingvatn kjem om ikkje lenge, og då blir det også klart om dette området ved avkøyringa til Jelsa, bør opparbeidast. Administrasjonen er også på leit etter område rundt Sand, men har endå ikkje komme opp med noko lageleg område her. Ny brannstasjon på Jelsa Prosjekteringa her nærmar seg slutten, og estimatet for denne er på rundt 18 millionar kroner. Også Suldalsosen og Sand skal ha nye stasjonar, og neste år er det sett av pengar til eit forprosjekt for desse. Mot slutten av perioden er det sett av pengar til bygging av ein stasjon på Suldalsosen, mens pengar til ny stasjon på Sand, ikkje ligg inne i forslaget. Fiberutbygging 6 millionar kroner er sette av, og det er avtalt at Haugaland Kraft brukar 4 av desse til prioriterte grender. Enkelt-husstandar kan også få tilskot på inntil 50 000 kroner til føremålet.
Les mer om: