Aktiv dag på Eide


Aktiv dag på Eide

Det er Suldal Kommune som arrangerer aktivitetsdagen, der lag og organisasjonar frå heile kommunen stiller med opplegg og aktivitetar som små og store kan prøva seg på. Både ute på banen og inne i hallen var det futt og fart, noko som heilt sikkert resulterte i slitne bein og armar for nokon og einkvar til kvelds. Mesternes mester Det er blitt ein tradisjon at ein idrettskjendis tar turen til Suldal når det er aktivitetsdag. Dette året var det Enduro- og rallykøyrar Pål Anders Ullevålseter som tok turen over fjellet. Han var både glad og overraska over å sleppa bomstasjonar, parkeringsbøter, lyskryss og kø-køyring på turen til Suldal. Fjorårets vinnar av det populære NRK programmet «Mesternes Mester» kunne fortelja at han tidleg var glad i fart og spenning, og at dei unge ikkje måtte vera redde for å følgja draumane sine. Politikar-duell Så var det dei lokale politikarane sin tur til å måle krefter. I ei lokal utgåve av «Mesternes Mester» fekk stemme-sankarane prøva seg på øvingar som trehjuls-sykling og eggeløp. Etter å ha imponert både Ullevålseter og publikum med full kontroll på rocke-ringane, var det til slutt Truls Lunde frå Miljøpartiet Dei Grøne som stakk av med sigeren. Etterpå fekk dei unge testa både balanse og krefter, med Ullevålseter som kommentator og dommar.
Les mer om: