AaFK kollapsa etter pause


AaFK kollapsa etter pause

Botnlaget Aalesund måtte tole eit nytt tap då dei gjesta Sarpsborg søndag. 4-0 blei det til heimelaget, og alle måla kom etter pausen. Ismaila Coulibaly scora først, så scora Mustafa Abdellaoue på to straffespark, før Joachim Soltvedt avslutta. AaFK, som tok sin første siger for sesongen midt i veka, er sist med sine seks poeng.