20 sommarspørsmål


20 sommarspørsmål

Hallvard Bakka. Tidlegare ordførar i Suldal nå pensjonist, er 69 år og bur på Suldalsosen. I sommar gler han seg til aller mest til barnebarn-besøk. Nemn tre ting som får deg i sommarstemning – Eg har i grunnen sommarstemning frå april av, eg. Men besøk av barnebarn, fint vêr og å få gå turar i naturen, gir god sommarstemning. Kva vil du visa fram av Suldal til ein som er her for første gong? – Om eg hadde hatt god tid, ville eg tatt turen frå Jelsa til Erfjord, via Sand og avslutta i øvre Suldal. Me har så mange flotte stader å visa fram. Din favoritt-sommarmat – Det må vera rømmegraut og spekemat. Eg og Toro er gode i lag, men den blir jo aller best når den er laga skikkeleg frå botnen av. Føretrekkjer du fjord eller fjell om sommaren? – Eg er ein fjellmann, sommar som vinter. Beskriv deg sjølv med tre ord – Optimistisk, oppfinnsam og ein del sta. Det seier dei, iallfall. Sommar er høgsesong for festivalar. Kva festival ville du reist på om du fritt kunne velja? – Eg er ingen festival-mann, men i år skal me faktisk på festival. Me skal på Blink-festivalen i Sandnes og sjå tre barnebarn i aksjon. Eit sommarminne – Det minne som sit djupast, er frå ein sommar då dei fire ungane våre var små. Me pakka sekkene og drog inn i Dyraheio med telt og fiskestenger. Eitt av mange gode minne. Kor drøymer du om å reisa? – Det er ikkje vanskeleg å svara på. Har alltid drøymt om å stå på toppen av Kilimanjaro. Fascinerande fjell. Eg veit ikkje om det blir nokon gong, men har alltid tenkt at det er noko eg vil. Du veit, 85 prosent av dei som prøver, når toppen! Sommarlektyre? – Det blir alt for lite lesing og alt for mykje x-ord om sommaren. Men aviser les eg heile året. Din sommarsong nummer ein? – Eg har ikkje noko spesiell sommarsong, men eg synest trekkspelmusikk og sommar høyrer saman. Kva er for deg ein perfekt sommardag? – Den startar med sol og varme, frukost og kaffi som varer lenge på terrassen. Då blir det ein bra dag. Blir der i tillegg ein tur, er det flott. Finaste badeplassen i Suldal. – Frå bryggja i Kvilldal, for dei eg har med meg. Eg sjølv likar best dusjen. Dersom du fekk bestemma, kva er det første du ville ha gjort noko med i kommunen? – Kommunen blir godt styrt, men me burde diskutera meir korleis me skal auka folketalet. Eit minkande folketal er den største trusselen me har. Kva er det mest impulsive du har gjort? – Eg liknar vel på trønderane og vil helst tenkja meg litt om. Men då eg blei 50 år, fekk eg plutseleg ein ide om å feira heime i løa i Kvilldal. Det er kanskje det mest impulsive eg har funne på. Me starta med Dampen frå Kolbeinstveit og i løa blei det feira med felemusikk. Kva overskrift vil du helst sjå på framsida av avisa i sommar? –Suldal rundar 4000 innbyggjarar! Beste oppleving i Suldal? – Det er så mange gode opplevingar. Det er godt å bu i Suldal. Då me var unge og flytta tilbake i 1974, var det godt å komma heim. Beste turtips i Suldal? – Ein mai-tur på ski til Såta, slår alt! Ein annan fantastisk tur, er å gå inn til Lånene. Kva skal du gjera i sommar? – Det blir nok mange fjellturar. Me skal til Gålå og sjå Peer Gynt-spelet og sluttar av sommaren med ein Kreta-tur. Men det kjekkaste av alt blir å få barnebarna på besøk. Er det noko du ikkje likar med sommaren? – Eg er ikkje avhengig av sol heile tida og er i grunnen nøgd med det meste. Kven vil du gi ein blomebukett og kvifor? – Det er ikkje noko å diskutera. Den går til kona mi, Valbjørg, som eg har vore gift med i 46 år. Valbjørg fortener heilt klart ein blomst.