– Søpla skal sørover, og pris er underordna miljøet


– Søpla skal sørover, og pris er underordna miljøet

I dag er det det interkommunale selskapet Rymi som handterer renovasjonen i Suldal, men ved årsskiftet blir det oppløyst, og då er spørsmålet: Skal Suldal følgja Strand og Hjelmeland inn i interkommunale Ivar som i dag er eigd av tretten kommunar frå Ryfylke til Nord- Jæren. Eller slik rådmannen innstilte på, å gå til Haugaland interkommunale miljøverk (Him). Å prøva å få til ei ordning saman med Sauda blei også forsøkt, men etterkvart parkert. Folkevalt serverte saksfakta Politikarane er ikkje nøgde med saksutgreiinga. LMT-utvalet innstilte først på å utsetja saka for å få meir opplysningar. Då saka kom til formannskapet, kunne rådmannen servera fleire fakta. Men også formannskapsmedlem Berit F. Haugsland (Sp) bidrog til å opplysa sine kollegaer, som raskt fall ned på Ivar iks som det føretrekte valet, sjølv om abonnementsordninga vil bli noko dyrare for kundane. Etterbehandlinga Då kommunestyret tok endeleg stilling sist veke, var også Haugsland (Sp) på talarstolen. Ho sit i Rymis representantskap denne perioden og snakka varmt for Ivar. Erfjordbuen trekte særleg fram etterbehandlinga og sorteringsgraden Ivar leverer. Ho poengterte at sjølve innsamlingsopplegget ikkje vil vera så forskjellig, men at etterbehandlinga hjå Ivar er svært bra med høg grad av sortering, og at forbrenningsanlegget på Forus er topp moderne. Det er stor politiske semje om valet. Både SVs Tormod Skeie og Høgres Sverre Underbakke tok til talarstolen og støtta retningsvalet, og valet av Ivar IKS blei einstemmig vedtatt. Vanskeleg å finna prisforskjell Fleire politikarar seier at pris ikkje kan vera det overordna i valet, men akkurat kva abonnementsprisen blir for kundane, er ikkje lett å seia på krona. I sakspapira opererer rådmannen med ein prisforskjell på rundt tusenlappen i året for eit standard renovasjonsabonnement, der Haugaland-samarbeidet er det rimelegaste for suldølen. For inneverande år kostar eit standardabonnement i Him 2575 kroner, mens det tilsvarande i Rymi/Ivar er 3650 kr. Miljøstasjonen blir på kommunale hender Men me to forskjellige ordningar er det vanskeleg å samanliknar på krona. Skulle Suldal blitt innlemma i Him iks, ville det for kommunen betydd eit tilskot på under 50 000 kroner, men at selskapet vederlagsfritt skulle overtatt rettar og tomta i Gåsevikja miljøstasjon. Når vegen går til Ivar, inneber det for kommunen ein inngangsbillett på rundt 2 millionar kroner, men at miljøstasjontomta blir på kommunale hender.