– Helse- og omsorgstenestene blir drivne forsvarleg


– Helse- og omsorgstenestene blir drivne forsvarleg

Arbeidarpartiet er bekymra etter tilbakemeldingar frå innbyggjarar om utilstrekkeleg legetilsyn, manglande legevikar-opplæring, pasientar som opplever stadig lege-skifte, dårleg oppfølging av prøvar og vanskar å få kontakt med legekontoret på telefon. Også høgt sjukefråvær på dei to største helsesinstitusjonane i kommunen, uroar dei Ap-folkevalde. Kjend med stoda Utvalsleiar Ola Jelsa (Sp) er ikkje overraska av svaret frå kommuneleiinga. Han meiner levekårsutvalet er blitt halde godt orientert om mellom anna legesituasjonen. – Me i utvalet har hatt ein låg terskel for å ta opp spørsmål, som når me høyrer om ting. Dette blir så tatt opp for avklaring, eller blitt bekrefta eller avkrefta. – Helsesjefen forklarte at suldølen er vane med ein høg standard på tenestene, og når det kjem på eit normalt nivå, blir det reaksjonar. Betre med fleire hender Trass i at han er nøgd med orienteringa om personalstoda, anten det er på legekontoret, Suldal sjukeheim eller ved Vinjar bu- og omsorgssenter, er Jelsa likevel klar på at fokuset må vera å gjera tiltak. – Me ser at det er samansette årsaker til sjukefråvær, men ein må gjera noko med tinga, der ein kan gjera noko med dei. Som å tilsetja meir folk enn det er stillingar til, seier Jelsa. Som ein slags buffer på tilsettsida. – Det er alltid nokon som er i permisjon, seier han og viser til at legar, men også lærar, tar vidareutdanning som er lovpålagt. Jelsa forstår at leiarar er opptatt av å halda budsjetta. Ifølgje leiaren meiner levekårsutvalet at det er betre med ei god forklaring på overforbruk, enn få tilsette på jobb. – For lite folk på jobb, skapar fleire sjukemeldingar.
Les mer om: