– Heilt fantastisk!


– Heilt fantastisk!

Det varte og det rakk, men når det førebelse valresultatet er klart, er det også klart at Sp har gjort eit brakval med 44, 6 prosent og åtte plassar i kommunestyret, som er ein meir enn nå. Det er betydeleg framgang frå sist kommunestyreval i 2015 då partiet fekk 37, 6 prosent av stemmene i Suldal. Tala nå er altså førebelse, og det kan bli endringar. Først i morgon kveld er mandatkåringa klar. Men basert på tala nå er følgjande det nye politiske Suldal. KrF fram, Venstre tilbake og MDG er inne Ap får 16, 1 prosent av stemmene og er inne med tre, som i dag. KrF får 13, 2 prosent og er inne med tre representantar, ein meir enn i dag. Høgre får med 9,0 prosent av stemmene og er inne med to representantar, som i dag. Venstre får 6,8 prosent av stemmene, det betyr at partiet mister to plassar og har ein representant igjen. SV får 6, 5 prosent av stemmene og dermed ein plass, ein mindre enn i dag. Står resultatet seg, er også MDG for første gang inne i kommunestyret med ein representant etter 3, 7 prosents oppslutning.
Les mer om: