Økonomi-hjelp til handballfamiliar


Økonomi-hjelp til handballfamiliar

Norges Håndballforbund har sett av 5,25 millionar kroner til ei tilskotsordning som skal hjelpe spelarar og familiar som slit økonomisk under koronakrisa. – Hovudføremålet er at barn og unge som no lever i familiar som har fått ein annan økonomi, ikkje skal måtte slutte med idretten sin på grunn av lisenskostnaden, seier generalsekretær Erik Langerud til NTB. Tilskotsordninga skal vere eit bidrag til å forhindre eit potensielt fråfall. Ho opnar for at spelarar får dekt den lovpålagde lisensen for heile 2020/21-sesongen.
Les mer om: