Å våga det kritiske blikket


Å våga det kritiske blikket

Ulla-Førre næringsfond er ei gullgruve for både næringsdrivande, gründarar og for Suldal kommune. Risikokapitalen gir kommunen kjærkommen tilgang til eit handslag som kan gi driftige gründarar det handslaget som skal til for at terskelen til vågespranget skal bli overkommeleg. Eller for å gjera alt etablerte næringsaktørar i stand til å strekkja seg lenger. Administrasjonen og politikarane har dei siste åra strama opp praksisen, nokre faste tidsfristar og større vekt på faktorar som risiko og  likebehandling gjer låne-og støttebehandlinga meir profesjonell. Det  er utan tvil konstruktivt og bra. Likevel, når sakene kjem på bordet, er det svært ofte vanskeleg for dei folkevalde i formannskapet som utgjer fondsstyret. Suldalspostens oversikt over lån og støttetildelingar i fjor i sist utgåve, viser at største støttesum i 2016, på 1, 5 millionar kroner, gjekk til å ettergi eit lån til Fjellmat frå Suldal as. Selskapet klarer ikkje å få Suldalskinka opp og flyga slik dei trudde. Ei heller er det blitt arbeidsplassar på Nesflaten, slik dei også flagga klare ambisjonar om. Formannskapets debatt rundt saka var sterkt prega av tvisyn. For det er ikkje det at dei folkevalde ikkje ser stoda, men i Suldal er det vondt å la vera å hjelpa til når ein kan. Fleire i formannskapet var inne på dilemmaet det er å gi satsingar finansiering som klapp på skuldera dersom ein inst inne ikkje trur at det forretningsmessig vil halda vatn. Det er eit godt refleksjonsspor, og fondsstyret bør så absolutt fortsetja å tenkja slik, og også tora å gå linja ut. Å tora å sjå fakta i augene og ikkje trekkja likskapsteikn mellom velvilje og pengar. Alle planar treng kryssa fingrar, men det er ingenting umenneskleg ved å leggja eit kritisk forretningsblikk til grunn når søknader skal behandlast. Det er rett at pengane i fondet er risikokapital, men det må aldri bli noko fikenblad å skjula seg bak for å orsaka mangel på nøktern analyse. Til det er pengane altfor verdfulle, og til det er det altfor mange gode prosjekt og initiativ å støtta, anten det er flunke nye, eller det er alt etablerte som vil meir. Då er det betre å stetta hjartefølelsen med godord. Dei kostar ikkje ei krone og dei inneber heller ikkje at når ein får, blir det mindre til andre.